Kongevegen over Filefjell har teke eit stort steg inn i reiselivet

Ei aukande mengd besøkande på Kongevegen over Filefjell blir teke i mot av eit godt rigga bedriftsnettverk . Sumarsesongen 2019 var god for alle partar. (Foto: Katharina Sparstad)

Torsdag 31.oktober hadde bedriftsnettverket i Kongevegen over Filefjell nettverksmøte. På dagsordenen sto mellom anna oppsummering av sumarsesongen 2019. Tala var svært gode med auke i dei fleste bedrifter. Samla omsetning hos bedriftane nærmar seg 25 mill, i følgje prosjektleiar Odd Helge Brugrand.

PRESSEMELDING

Med på møtet var også ordføraren i Vang, Lærdal Næringsutvikling, Innovangsjon og stortingsrepresentant/formannskapsrepresentant i Lærdal Liv Signe Navarsete, som tidligare samferdselsminister har var Liv Signe med og «velsigna» prosjektet i 2011.

Valdres Natur- og Kulturpark var med å starte opp prosjektet i  2009. I dag, 10 år seinare, kan vi hauste resultatet av arbeidet. Prosjektet frå VNK er avslutta, men reiselivsbedriftene langs Kongevegen over Filefjell har hendene fulle.

Les meir om Kongeveien over Filefjell her

Heiv seg rundt

Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell SA er etablert med 14 bedrifter. I 2017 fekk Kongevegen over Filefjell Europa Nostra sin kulturminnepris. Då tok besøkstrafikken seg opp, og bedriftene måtte hive seg rundt. No tre år etter har det gjeve full effekt.

- Talet av bedrifter er i ferd med å runde 30, og enno er det plass til fleir. Om sumaren er dei fleste rom fylt opp. Mange spør også etter andre opplevingar, gaiding eller kulturtilbod langs ruta, så her håper vi å få med fleire, seier Katharina Sparstad som også er medlem i bedriftsnettverket.

Besøksteljing

Kommunane som har ansvar for vedlikehald av vegen sette i sumar opp til saman sju teljeapparat. Nokre av desse vart sett opp fyrst i august. Livevel syner tala at heile 23 000 har passert teljarar. Berre nokre av desse nyttar seg av tilboda i bedriftsnettverket, slik at overrislingseffekten i kommunane er stor. Likevel har vandre- og sykkelturistane lagt att om lag 25 mill kronar i årets sesong, i følgje prosjektleiar Odd Helge Brugrand.

Prosjektleiar Odd Helge Brugrand oppdaterer heimeside, Instagram og nettside. I sumar registrerte han heile 650 unike brukarar på nettsida. Mange av desse held til utanfor Valdres – og Noreg. Brukarane helt til i byane Bergen, Oslo og Stavanger, og frå utlandet er det flest treff frå Sverige Danmark og USA.

Fleire pakkeløysningar

Så då er det berre å planlegge vidare. I år var det 130 personar som nytta pakketilboda. I 2020 vil nettverket utvikle fleire pakker, tilby rundturar og legge betre til rette for sykling på alternative ruter. Vidare vil nettverket oversette nettsida til fleire språk og gjøre det enklare å bestille via nettsida, heiter det i ei pressemelding frå bedriftsnettverket.

Torsdag 31.oktober hadde bedriftsnettverket i Kongevegen over Filefjell nettverksmøte på Filefjellstuene. og konkluderte med ein god sumarsesong 2019. Lengst til venstre sitt prosjektleiar Odd Helge Brugrand. (Foto: Katharina Sparstad)

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres