Ynskje om eit regionalt ungdomsråd i Valdres

Vurderer regionalt ungdomsråd: Frå venstre: Øyvind Rust (Etnedal), Marit Kvam (Vang), Berit Johannessen (Oppland fylkeskommune), Harald Bøe (Vang), Bente Nordli Holden (Nord-Aurdal), Ørnulf Juvkam Dyve (Nord-Aurdal), Øystein Skattebu (Øystre Slidre), Gunvor Elene Thorsrud (Sør-Aurdal), Katrine Bendiksen Opheim (Vestre Slidre), Katharina Sparstad (VNK) og Øystein Hovrud (Nord-Aurdal). Foto: Lene Hovi

Regionstyret i Valdres ynskjer seg eit regionalt ungdomsråd. Leiaren av det regionale ungdomsrådet er tiltenkt ein plass i Valdresrådet, slik at ungdommen får ei stemme inn i det regionale utviklingsarbeidet i Valdres. Denne veka starta arbeidet med å finne gode strukturar for å lukkast.

5 av 6 kommunar

I dag er det kun Sør-Aurdal som ikkje har etablert eit kommunalt ungdomsråd, men dei er godt i gang med å få dette på plass. I fylgje den nye kommunelova som trer i kraft 2020 skal alle kommunar ha eit ungdomsråd, men regionstyret vil altså i tillegg etablere eit regionalt råd.

Vilje

På eit forberedande møte kom ungdomskonsulentar frå alle kommunane på eit møte i Valdres Natur- og Kulturpark, som er sett til å leie arbeidet med å finne ein eventuell struktur for det regionale ungdomsrådet saman med desse. I tillegg møtte Marit Kvam frå Ungdommens fylkesting og Berit Johannessen frå Oppland fylkeskommune.

Ungdomskontaktane vil gjerne sjå eit velfungerande regionalt ungdomsråd i løpet av året, men var tydelege på at det må gjerast eit godt grunnarbeid. Det vart skissert fleire mulige framgangsmåtar, men også sett på ein del utfordringar. 

Ungdomane sine premiss

Fleire påpeikte at det må vere ei god skulering og ei reel kjensle av å bli høyrd for eit slikt regionalt ungdomsråd. Kven skal ha ansvar for å tilretteleggje sakslista for dei unge? Skal dei få spele inn eigne saker i Valdresrådet? Kven skal koordinere møtene og kva slags ressursar leggast inn saman med eit ynskje om å få høyre ungdomen si røyst?

Workshop

Forsamlinga var einige om at innspelet om eit regionalt ungdomsråd er godt, og at neste møte bør bli ein heildags workshop med deltakarar frå dei allereie etablerte kommunale ungdomsråda og politikarar frå regionen.

- Eg opplevde møtet som positivt. Vi fekk konstruktive innspel på måtar dette kan riggast på både vidare i planleggingsfasa og i ei eventuell etablering av rådet. Kanskje får vi eit regionalt ungdomsråd opp og stå innan utgangen av 2019, men me forhastar oss ikkje. Dette må riggast godt for å bli den kanalen ungdommen treng for å bli høyrd av politikarane, konkluderer Katharina Sparstad frå Valdres Natur- og Kulturpark etter møtet.

Tekst:
Lene Hovi
Valdres Natur- og Kulturpark
redaksjonen@valdres.no

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

desember 2025

  • Konsertfilm på Kvitvella kinoTirsdag, 16. desember 2025

    Kvitvella kino og Valdres sommersymfoni inviterer til en ny, spektakulær og annerledes opplevelse i Valdres.  

    Verkene til…

  • Kraftig vekst i omsetning av lokalmatTorsdag, 4. desember 2025

    – Innlandet viser hvor kraftig lokalmat kan utvikle seg når råvareproduksjon, mattradisjoner og politisk vilje trekkes i samme…

november 2025

oktober 2025

september 2025

  • Årets Valdresambassadør 2025Søndag, 28. september 2025

    Under årets Valdreskonferanse 23. september ble Valdresmusea hyllet av sine egne og mottok prisen som Årets Valdresambassadør. Fra…

>
>
>
visitvaldres