Seterkulturen får støtte til UNESCO-arbeid

Verdien av ein levande seterkultur: Både norske og svenske krefter arbeider no med å få seterkulturen registrert som immatriell kulturarv hjå UNESCO. Biletet er frå Olestølen i Valdres (Foto: Morten Jørgensen).

Norsk seterkultur har fått kr 150 000 frå Oppland fylkeskommune og 50.000 frå Fylkesmannen i Innlandet til eit forprosjekt for å få seterkulturen innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

- Kring 1940 var det om lag 40.000 støler i drift. No er det godt under 900 att. Vi står i fare for å miste denne tradisjonen om vi ikkje tek særlege omsyn. Med tap av stølsbrukarar forsvinn mykje kunnskap om mjølkestell, handverk, naturbruk, lokking, song og historiefortelling. Dette er ein rik, immatriell kulturarv som fortener ein plass på lista, seier Katharina Sparstad.

Sparstad jobbar som kulturrådgjevar i Valdres Natur- og Kulturpark og er sekretær for interesseorganisasjonen Norsk seterkultur. Sistnevnte har dei siste åra vore gjennom eit forstudium for å freiste å få seterkulturen innskrive på UNESCO si liste.

Les også: Ynskjer Unesco-status for seterdrift

Samarbeid med svenskane

Arbeidet legg opp til eit svensk-norsk samarbeid då det er mange likskapar i seterkulturen i desse to landa. Dei svenske kollegaene i Svensk Fӓbodkultur har på si side vore i dialog med Riksantikvaren der.

Forprosjektet skal kartleggje status for setermiljøet og stølsbrukarar, og knytte til seg fagmiljø.

- Mange har vore med og sett fokus på seterdrifta dei seinare åra, og vi vil ha god nytte av arbeid som allereie er gjort. Tilskotet skal også gå til manusarbeid for ein dokumentasjonsfilm, og leggje arbeidsstrukturen for det vi håpar blir eit komande hovudprosjekt, seier Sparstad.

Mogleg stilling til Valdres

- I Valdres har vi eit sterkt miljø på stølsdrift, både med brukarar og på Valdresmusea. På museet er også Norsk institutt for bunad og folkedrakt som er akkrediterte rådgjevar for UNESCO-søknader. Dette vil vi nytte godt av, og vi vil derfor freiste å legge arbeidet til Valdres, seier Sparstad.

Tekst:
Lene Hovi
Valdres Natur og Kulturpark
lene.hovi@valdres.no
 

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

mai 2026

  • Forberedt i dag - tryggere i morgenFredag, 15. mai 2026

    Sett av datoen for årets Valdreskonferanse 

    På Valdreskonferansen 22. september tar vi opp et tema mange utsetter å tenke…

  • Rekordinteresse for FjellmaratonOnsdag, 13. mai 2026

    Folk vil til fjells for å løpe. Det er rekordstor påmelding noen uker før det hele starter. (Foto: Det Norske…

mars 2026

februar 2026

  • NMBU‑studenter om framtidas ValdresMandag, 2. februar 2026

    Bilde fra da masterstudentene ved Institutt for landskapsarkitektur og Institutt for by- og regionplanlegging ved Norges miljø-…

januar 2026

>
>
>
visitvaldres