Breiband i Valdres: Telenor held informasjonsmøter

Oppstart i Vang: Tysdag 27. oktober starta Telenor med si rekkje av informasjonsmøter. Hugs å melde deg på når det blir møte i di kommune. (Foto: Vidar Eltun) 

Tekst:
Hallgrim Rogn/vangivaldres.no
Lene Hovi/Valdres Natur og Kulturpark
 
Tysdag skipa Telenor til informasjonsmøte om den komande breibandutbygginga på Mjøsvang kafe der ordførar Vidar Eltun ynskte velkommen og orienterte om kva som har skjedd i Vang og Valdres så langt. 

I Vang kan alle i Øye/Nedre Dalen, området mellom Vennis-Neset-Dalsbru og i Høresbygde få fiber til jul neste år.

- No byr høvet seg

- Det er mange gode grunnar til å kople seg på når høvet byr seg no, men det er sjølvsagt opp til kvar og ein å bestemme kva ein vil, sa Eltun. 

Når denne runda med utbygging er i mål, er det berre nokre få adresser att i Vang utan fibertilbod. Det er Valdres Natur- og Kulturpark som koordinerer breibandutbygginga i Valdres, i tett samarbeid med kommunane. Totalt vert det nytta 68 millionar offentlege kroner i denne runda. 

Telenor informerte

Telenor, representert ved Stian Larsen, orienterte om prosjektet som skal i gang i 2021. No bruker dei tida på å selje breibandsløysing til husstandane i aktuelle område i Vang. 

– Det enklaste er å gå på nettsida og legge inn bestilling. (NB-det feiler på nokre adresser, Telenor er på saken og har lova å fikse det i løpet av nokre dagar) Vi kjem også til å ta runda frå dør til dør på kveldstid i tida som kjem for å informere om tilbodet, fortalde Larsen til dei oppmøtte i Vang.

Kostnadane for å fiber er eigenandel på 4990,- for framføring til tomtegrense. Oppå dette lyt ein velje kvar for abonnement ein vil ha. Dette har bindingstid på eit år. 

– All utbygging skal etter planen vera gjennomført i løpet av 2021 med kopling av nett i perioden oktober til desember. Eg oppmodar alle om å ha god dialog med entreprenøren OneCo under utbygginga og elles vente med å si opp noverande avtalar til alt er avklara, sa Larsen.

Fleire folkemøter

Telenor hadde ikkje fått ut beskjed til alle  aktuelle husstandar om gårsdagens møte. Ynskjer du eit nytt informasjonsmøte med Telenor? Sei i frå på e-post til post@vang.kommune.no med «møte fiberutbygging» i emnefeltet. 

- Ved få henvendingar tek vi direkte kontakt og informerer, men om mange ynskjer nytt møte tek vi turen opp att, forsikra Larsen.

- Benytt denne mogelegheita

Fredrik Holte Breien er prosjektleiar for Breiband i Valdres og oppmodar alle som vurderar dette tilbodet møter opp på informasjonsmøtene.

- Vi veit at mange sit med spørsmål. Ved å melde deg på desse møtene kan du bli tryggare på det valet du gjer og få stille dei spørsmåla du har. Meld deg på ved å kontakte di kommune, seier Holte Breien.

Her blir det folkemøter denne hausten:

Etnedal: Menighetshuset Bruflat - 28. okt. kl 18.00
Sør-Aurdal: Begnadalen Skole - 28. okt. kl 20.30
Nord-Aurdal: Festsalen - 3. nov. kl 18.00 og kl 20.00
Vestre Slidre: Olbergsalen - 5. nov. kl 18.00 og kl 20.00
Øystre Slidre: Ungdomsskulen - 4. nov kl 18.00 og kl 20.00

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres