- Det er ikkje berre å gje opp, det er for moro å drive gard

Gardbrukarane Jan Erik Lisjordet, Mikael Olmhus, Jostein Kompen, Merete Moe, Geirmund Grøndalen og Jørgen Andrisson Kvam er viktige medspelarar når prosjektleiar Magnhild Strand sparkar i gang prosjektet «Framtidstru i Valdres-landbruket». (Foto: Lene Hovi)

- Vi går mykje aleine i kvardagen og eit fjøs krev sitt både seint og tidleg. Liv og død set heile kjensleregisteret i sving på godt og vondt. Det ligg eit krav om lausdrift framfor oss og mange må bygge nye fjøs. Å vera bonde er ikkje noko du blir økonomisk rik av og mange kjenner på ei uro for framtida. Men så er det berre dette, at det er altfor moro å drive gard, seier Mikael Olmhus.

Han er mjølkeprodusent i Sør-Aurdal og saman med Jostein Kompen, Merete Moe, Geirmund Grøndalen, Jørgen Andrisson Kvam og Jan Erik Lisjordet utgjer han referansegruppa til prosjektet «Framtidstru i Valdres-landbruket».

Nysgjerrig og «nørd»

- Å arbeide med dyr og jord i vekslande årstider er fantastisk. Du må vera både nysgjerrig og litt «nørd» for å halde på med dette. Etterspurnaden etter norskproduserte landbruksvarer aukar, men det kjem stadig nye krav og ein må halde tritt med utviklinga. Å samlast og få prate med kvarandre om utfordringar og mogelegheiter i næringa er viktig, seier Merete Moe.

I fyrste omgang ynskjer dei å motivere alle bønder i regionen til å koma på eit inspirasjonsmøte med fagleg og sosialt innhald den 20. oktober. Dette er startskotet for eit regionalt mobiliseringsprosjekt som også tilbyr studieturar til andre landbruksregionar.

Klikk her: Meir om Inspirasjonsmøtet
Klikk her: Event på Facebook

Prosjektet vil delta på bondekaféar ute i kommunene for å hente inn fleire innspel i arbeidet framover.

Møteplassar

Det er her utfordringa ligg. Å hauste nødvendig inspirasjon og motivasjon frå kvarandre når tida ikkje strekk til og møteplassane er få.

- I fjell-landbruket sit vi på eigne utfordringar og føresetnader, og vi passar ikkje heilt inn i dei nasjonale føringane. Men vi kan løyse mykje ved å vera til stades for kvarandre og dele erfaringar, anten det gjeld søknader til Innovasjon Norge eller tankar om omstilling og generasjonsskifter, seier Geirmund Grøndalen.

Tilsvarande mobiliseringsprosjekt har vore gjennomført, eller er i gang, i liknande landbruksregionar som Valdres.

- Vi håpar på stor deltaking og engasjement frå både nye og meir erfarne gardbrukarar i Valdres. Å auke framtidstrua i Valdres-landbruket er noko vi må jobbe med heile tida. Det er så mange dyktige og positive krefter i denne næringa, så saman skal vi få dette til, seier prosjektleiar Magnhild Strand i Norsk landbruksrådgiving Innlandet.

Ho takkar faglaga i landbruket, landbrukskontora, Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark for initiativ og finansiering av prosjektet og gler seg til å jobbe aktivt med næringa.

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

mars 2024

februar 2024

januar 2024

>
>
>
visitvaldres