19 arrangement på fire dagar

Foto: Cathrine Dokken

Det skal godt gjerast å ikkje finne noko ein har lyst å få med seg når ein ser på festivalprogrammet til årets Hemsingfestival.

Som den kammermusikkfestivalen dette er, blir sjølvsagt vakre tonar og mektige verk framført av store musikarar, men i over 10 år har den folkelege og uformelle stemninga gjeve Hemsingfestivalen si heilt eiga atmosfære. 

Her kan du koma i ullgenser og skibukser. Scenene er spredt mellom ølbryggeri, låvar og små fjellkyrkjer. Distansa mellom utøvar og publikum er kort og intim, og humoren sit laust.

20. -23. februar

- Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny vinterfestival i Aurdal torsdag 20. til sundag 23. februar 2025. Me gler oss til å presentere variert kammermusikk med fantastiske musikarar som vil skape intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir heilt spesielle nære musikkopplevingar og stor musikkglede, skriv Ragnhild og Eldbjørg Hemsing på festivalen si nettside.

Slik presenterer dei årets vinterfestival:

Festivalen byr på noko for dei fleste. Du kan nyte konsertar i Aurdal kirke, få meg deg ein morgonkonsert, vera med på ølsmaking, oppleva konsertvandring på Valdres folkemuseum, ta med vener til ein uformell kviss, høyre dei unge talenta i Framr, oppleva intimkonsert i Skrivargarden i Aurdal og ta turen opp til Aurdal fjellkirke der du også kan vera med på ein guida skitur før konserten.

Nytt i år er ølsmaking med musikkinnslag hjå Små Vesen i Aurdal fredagskvelden og Konsertvandring på Valdres folkemuseum laurdag. Kviss med tonar blir dette året flytta til Trykkeriet på Fagernes.

I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke, kan besøkjande hyggje seg med dei faste arrangementa våre som er Smak med tonar på Nythun, konsertar i Ballsalen i Skrivargarden i Aurdal, konsertlunsj Rakfisk Forte Fortissimo på Noraker gård og matinékonserten Musikksporet i Aurdal fjellkirke med guida skitur på Aurdalsåsen og tur frå Nythun til Aurdalsåsen med DNT Valdres, der publikum får oppleve dei fine skiløypene i området.

Laurdag blir det som vanleg familiekonsert, dette året i Aurdal kirke.

Talentprogrammet FRAMR for unge musikarar er festivalens eige talentprogram. Dette er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på til ein open audition. Dei som blir plukka ut, får eit tilrettelagt undervisningsopplegg både innan klassisk musikk og folkemusikk, og publikum vil få høyre fleire av talenta opptre på festivalen.

Gjennom fire festivaldagar og 19 ulike arrangement vil publikum få møte musikarar på topp internasjonalt nivå i solo og samspel. Det blir også eit gledeleg gjensyn med fleire av artistane frå tidlegare år, som Thibaut Garcia (gitar), Benedict Kloeckner (cello) og Adrien La Marca (bratsj). Og for fyrste gong ynskjer me den kjente sopranen Anne Sofie von Otter og Barokkanerene velkomen. Dei vil opptre på fleire av konsertane. 
Sjå årets artistar her

Konsertprogrammet i år spenner frå vakker og fengjande barokkmusikk til eit nytt og spennande tingingsverk frå Agnes Ida Pettersen til tradisjonell folkemusikk og song med ABBAinspirasjon.
Sjå heile programmet her

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

juni 2025

  • Beste kurv 2025 er kåretLørdag, 28. juni 2025

    Årets beste kurv ble annonsert fra scenen under Valdresdagen 28. juni. Fra venstre: Britt Karin Ranum fra Ranum Kurv som vant…

  • Kan du Kuvettreglene?Mandag, 16. juni 2025

    En flokk kyr og kalver på beite i Etnedalen. Nysgjerrige og som regel vennlig innstilt, men det er greit å likevel gå vekk fra…

  • Reis med buss for en 10-er i hele Innlandet i sommerFredag, 6. juni 2025

    Fra 23. juni til 17. august kan du reise med buss i hele Innlandet fylke for bare 10 kroner per tur/enkeltbillett.

    Billetten gjelder på…

  • INKLU søker deltakere med funksjonsutfordringerTirsdag, 3. juni 2025

    Elisa Sevilla Ulfstedt er prosjektleder for INKLU og Henning Wangsnes sitter i styringsgruppa for Valdres Natur- og Kulturpark. Pilotbedrifter er…

april 2025

>
>
>
visitvaldres