Tida tikkar mot årets Hemsingfestival
12. januar 2026
Det er klart for intime møter med stor musikk på ein rekke ulike scener i Valdres 19.-22. februar (Foto: Nikolaj Lund)
No er det berre nokre veker att til Hemsingfestivalen!
- Vi gler oss til heile 19 konsertar, skitur, pop-up bakeri og familiedag. Det kjem 29 artistar frå fem nasjonar til festivalen, og i tillegg er det 14 talent som skal vere med på FRAMR-talentprogrammet vårt under festivalen, fortel Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing.
Dei er festivalens kunstnarlege leiarar og har i over ti år invitert til intime møter med stor musikk i Valdres.
- Fleire av konsertane er no utselde, noko vi er veldig glade for. For deg som ikkje fekk billett til jazzkonsertane i Ballsalen eller hos Tor-Evert og Line, vil vi minne om at det framleis er mogleg å sikre seg billett til konserten i kyrkja fredag 20.02 kl. 18.00, seier dei to.
Fredagskonserten i Aurdalkyrkja vil by på jazz, klassisk musikk, folkemusikk og improvisasjon i god blanding med Mathias Eick (trompet), Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele) og Julien Quentin (klaver). Dette er første gong dette stjernelaget av musikarar frå ulike sjangrar møtest. På same konsert kan du gle deg til Luise Adolpha Le Beau Cellosonate i D-dur, op. 17 med Raphaela Gromes (cello) og Julien Quentin (klaver) og Jean Sibelius Strykekvartett i d-moll, op. 56 «Voces intimae», arrangert for strykekvintett av Georg Oyen med Ragnhild Hemsing (fiolin), FRAMR (fiolin), Lilli Maijala (bratsj), Johannes Martens (cello), Olivier Thiery (kontrabass)
Billettane til konserten i Fjellkyrkja fredag 20.02 kl. 13 går også unna. Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader, med utsikt mot snøkledde Valdresfjell. Kva er vel betre enn ein musikalsk pause og påfyll av energi med kaffi og Valdres sine beste bollar midt i turen? Det er Ingeborg Christophersen (blokkfløyte), André Lislevand (gambe), Lilli Maijala (bratsj) og Barokkanerne som spelar på den tradisjonsrike konserten i Fjellkyrkja.
- Spenn på deg skia og bli med, oppfordrar Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing.
Her ser du oversikt over årets musikarar under Hemsingfestivalen
Her finn du fullt program og ledige billettar til årets Hemsingfestival









