Dei største festivalane i Valdres har sidan 2008 hatt eit eige nettverk. Nettverket er organisert i gjennom Valdres Natur- og Kulturpark som kallar inn til møter og fungerer som sekretær. Nettverket har møter 3-5 gonger i året der det vert sett søkelys på ulike tema.
Hensikta med nettverket er å styrke samhandlinga og kompetanse mellom festivalane og å styrke merkevara Valdres.
Definisjon på festival i Valdres:
For å skilje mellom festivalar og andre store arrangement, reknar vi festivalar innanfor desse kriteria:
Arrangementet
- må vare i minst tre samanhengande dagar.
- må ha minst 1000 deltakarar/gjester. Dersom festivalen ligg under grensa i meir enn tre år samanhengande, fell festivalen ut av nettverket.
- skal vere regelmessig og minst annan kvart år.
- skal vere stadbunden.
- skal ha eit program med høg kvalitet av nasjonal/internasjonal interesse.
- skal ha fast sekretariat og fast tilsett leiar.
- må ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensiale.
- må ha eksistert i minst to år før det kan takast opp i nettverket. Ein festival kan bli teken opp som hospitant, og bli fast medlem av nettverket etter ei prøveperiode på to år.
Retningslinjene for Festivalnettverket i Valdres 2026-2027 finn du her
Festivalstøtte
Valdres Natur- og Kulturpark set kvart år av ein viss sum til festivalstøtte til festivalane i nettverket. Støtta er meint som ei belønning til festivalar som oppfyller alle krava i innsatsområda i denne strategien, og berre festivalar som følgjer opp innsatsområda får støtte. Støtta vert også redusert dersom deler av innsatsområda ikkje vert fylgt opp. Tilskotet er heller ikkje meint som eit substitutt for tilskot frå andre, offentlege kulturinstitusjonar, men som eit virkemiddel til å styrke merkevara Valdres.
Festivalane i festivalnettverket blir fremja med ei eiga oppføring på www.valdres.no
Festivalar som er med i nettverket i 2024 er:
1. Norsk Rakfiskfestival
2. Ridderrennet
3. Vinjerock
4. Valdres sommersymfoni
5. Jørn Hilme-stemnet
6. Beitosprinten
7. Trollrock
8. Hemsingfestivalen
9. FRIKAR i fossen - GANDR
10. Hedalen Kulturfestival





