Hemsingfestivalen: Rakfisk Forte Fortissimo
Om
Konserten startar kl. 13.00 og blir etterfølgd av lunsj på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikarar bidreg med musikalske godsaker. Etter dette kan ein gi seg hen til dei mange rettane og variantane frå Noraker Gård.
Konsert med Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele), Jadran Duncumb (lutt) og André Lislevand (gambe), Sivert Holmen (hardingfele) og talent frå FRAMR
Hardingfela sine kviskrande understrenger og luttens djupe bordun spinn eit klangleg møte mellom to rike tradisjonar: norsk folkemusikk og europeisk barokkmusikk. Her blir barokkens dansar og improvisatoriske former fletta saman med dei rytmiske og melodiske linjene frå norske bygdelåttar. Resultatet er ein musikalsk vev der ulikskapane får spele kvarandre gode – og der klangen ber minne både om fortid og samtid.
På programmet står verk av Marais, Biber, Matteis, Gaultier le Vieux og de Boesset – i dialog med tradisjonslåttar frå Valdres, framførte i ny drakt.
Musikarane er tre framståande utøvarar innanfor tidlegmusikk og folkemusikk:
Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin, kjend for å bygge bru mellom klassisk og tradisjonelt uttrykk.
Jadran Duncumb – lutt og gitar, ein virtuos utøvar med djup innsikt i barokkens ornamentikk og improvisasjon.
André Lislevand – gambe, ein sterk formidlar av både tidlegmusikk og nyskaping innanfor historiske uttrykk.
Sivert Holmen – hardingfele og Hardanger d’amore, ein utøvar som har røtene i Valdres. Desse instrumenta møter impulsar frå samtidsmusikk, improvisert musikk og kunstmusikk når Sivert Holmen spelar.
TripAdvisor
Åpningstider
| Noraker Gård (19 feb 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Torsdag | 13:00 | - 15:15 |







