UTSELD: Jazz i Ballsalen i Sorenskrivargaarden
Om
VETRA trio med Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Mathias Eick (trompet) og Steinar Raknes (bass).
Når fiolinen si klangrike tradisjon møter jazztrompetens uttrykksfulle fridom og kontrabassen sine djupe røter, oppstår ei unik musikalsk reise – der klassisk musikk, jazz, improvisasjon og norsk folkemusikk smeltar saman.
I denne særeigne trioen møtest tre av Noregs mest markante musikarar: Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), kjend for si djupe formidling av både klassisk musikk og folketonar; Mathias Eick (trompet), med sin karakteristiske, lyriske tone og sterke nærvær på den internasjonale jazzscena; og Steinar Raknes (kontrabass), ein virtuos improvisatør og komponist med solide røter i både jazz og roots-tradisjonar.
Saman skaper dei musikk som er både jordnær og himmelstrebande – ei lydreise gjennom stemningar, tradisjonar og grenselaus skaparglede.
Publikum vil få høyre eigenkomponerte låtar frå VETRA-universet der jazzen møter folkemusikken. Det blir òg musikk av Grieg, Ole Bull og kjente og kjære salmetonar frå Valdres i splitter ny klangdrakt.
Det blir sal av kalde forfriskningar, og me har skjenkebevilling.







