FRIKAR: Draumefangaren
Om
Deltakande kunstoppleving i naturen, kan det bli betre? Bli med på FRIKAR si største satsing nokonsinne! Vatnet har fila seg gjennom Åbjørajuvet i tusenar av år og skapt eit landskap som er ei oppleving i seg sjølv. FRIKAR byggjer vidare på denne opplevinga med opptil 100 aktørar i ei interaktiv vandrevisning der du sjølv får ta val. Opplev FRIKARs koreografiske univers med nokre av Norges beste dansarar frå ulike sjangrar, musikarar og installasjonskunst.
Med nye grep ynskjer vi å videreutvikle vandrevisningsformatet og skapa ei unik oppleving av kunst i naturen som tiltrekk publikum frå heile Norge, hytteeigere og turister som ønskjer ein spektakulær kultur- og naturopplevelse. I både kunst- og folkehelseperspektiv er publikumsdeltaking ein sentral del av prosjektet, inkludert bevegelsesleir for dei deltakande amatørane i vekene før framsyninga, og på veg mot ei grøn framtid så skal verket setja færrast mogleg spor i den ytre naturen, og sterkast mogleg spor hjå folk i alle aldrar. Verket skal bli ein del ta det bærekraftige reiselivet og ein del av det fremtidige oppleivesesreiselivet.
Verket vil vera ei rundløype i Åbjørajuvet midt i Valdres. Vassdraget vart regulert på 60-talet og dei karakteristiske svaberga med mange jettegryter og fossar er difor lett tilgjengelege. Langs med vassdraget er gamal gran- og furuskog. Området bli sett på som geologisk nasjonalarv. Lengst ned i rundløypa er det ein naturleg arena der 500 publikumarar kan sita på svaberg. Utsikta her er ein dam, ein foss, to stup og horisont, området er perfekt for scenekunst!