Bautaen Bjørgo heidra
13. oktober 2016
Jan Beitohaugen Granli opna stunda med ein lyrisk lyarlått, før røysta til Bjørgo overtok i eit NRK-opptak av diktet «Saknad». Her spelte Jan Arne Sebuødegård attåt på hardingfela si. Saman var desse to ute på ei rekkje turnear og arrangement med dikt og felespel på 80 og 90-talet.
Rektortida
Hovudtalar for dagen var forfattaren Karsten Alnæs. Då Valdres gymnas kom i gang hausten 1964, vart han kollega med Bjørgo som var rektor på skulen. Trygve Bjørgo kom då frå Gudbrandsdal offentleg landsgymnas på Vinstra, der han hadde vore lektor i 15 år. – Eg minnest Trygve som ein kunnskapsrik, sindig, kontrollert og ikkje minst tolerant rektor. Sjølv om det var 22 år mellom oss fekk me god kontakt, og eg opplevde han som ein lyttande, beskjeden og audmjuk person. Han kunne vri språket «ut av ledd» i talene sine, som alltid var på eit normert nynorsk. Det var også talemålet hans.
Bygdeidentitet var noko Trygve Bjørgo odla fram hjå elevane sine. Alnæs meinte han ikkje var stort plaga av «bygdedyret». Her var Tor Jonsson for einsidig, hadde Bjørgo sagt. Likevel kan ein gjennom dikta hans sjå at han hadde vore borti fenomenet. Etter at Alnæs slutta på Valdres gymnas i 1970, kom han stadig i kontakt med Bjørgo i Den norske forfatterforening. – Eg trur bestemt at Bjørgo arbeidde i kulissane då eg vart valt til formann her i si tid, sa han. Han mintest med glede forfattartrekløveret frå Valdres, Trygve Bjørgo, Knut Hauge og Jul Haganæs, frå møta i foreininga.
Lyrikaren
- Trygve Bjørgo sette spor. Gjennom sju diktsamlingar ser me ein som i starten har ei varm og heimekjær tone med mange fine naturdikt. Seinare blir det tydeleg at han vil forplikte kvar og ein av oss, me må syne kven me er. Eg meiner det er ei skam at han har vore så oversett som han er, avslutta Karsten Alnæs.
Ny Bjørgo-bok
Og dette ville no Nord-Aurdal mållag bøte på, ved å gje ut ei samling utvalde dikt. «Drøymer du, gamle tre» er diktsamlinga kalla, etter eit dikt som Bjørgo gav ut i 1979 i samlinga «Auke åkeren». Eigil Steinsfjord presenterte boka, også han ein tidlegare kollega av Bjørgo. Boka inneheld 68 dikt frå dei sju diktsamlingane Bjørgo gav ut i perioden 1952-1986, og er gjeven ut på Kvitvella forlag.
Familien
I eit panel på fire frå familien til Bjørgo, gjorde P2-journalist Lisbeth David-Andersen eit «radiointervju» på direkten. Ho var utgangselev frå Valdres gymnas i 1974, og hadde mange gode minne med Bjørgo. Dei fire var kona Bjørg Gullbekk Bjørgo, borna Sigrun og Tore og Jørgen Bjørgo frå nabogarden Sørre Bjørgo. Trygve var onkelen hans. Samtalane ved middagsbordet var noko familien drog fram som viktig i oppveksten. Dei kunne også røpe at gamle stilbøker hadde avslørt at faren hadde skrive stivt riksmål fram til han kom til Universitetet i Oslo. Der møtte han mykje landsungdom, og vart aktiv i Filologisk Forening. Her vaks omtanken for nynorsken fram, ein omtanke som også gjaldt det organisatoriske. I 1963-65 var han leiar i Noregs Mållag.
- Men ingen av dykk borna pratar valdresdialekt. Kvifor er det slik, spurde David-Andersen. – Nei, men me pratar morsmålet vårt, fekk ho til svar. Mor Bjørg er frå Oslo. – Far sa alltid at me måtte vera oss sjølve, og ikkje gje oss ut for å vera noko me ikkje kunne stå inne for. Musikk og kultur stod sterkt hjå oss, far skaffa eit flygel til heimen så vel som til gymnaset. Mange var dei konsertane eller foredraga som han fekk i stand, og ofte vart utøvarane med heim etterpå, fortalde Sigrun og Tore.
Frå venstre Jørgen Bjørgo, Sigrun Bjørgo, Bjørg Gullbekk Bjørgo, Tore Bjørgo og Lisbeth David-Andersen.
Tonesette Bjørgo-dikt
Og sjølvsagt vart det musikk her også. Lars Skattebu tonesette 16-17 dikt av Bjørgo sist i førre hundreåret, og no var tida komen for å ta dei fram att. Med seg på gitar og song hadde han Caroline Synvis, sjølv spelte han piano. Det vart eit høgdepunkt. Dette er materiale som fleire burde få høyre.
Allsong
Etter diktlesing av Turid Bjørgo og helsing frå Lars Vikør – tidlegare elev av Bjørgo ved Vinstra landsgymnas, var det tid for allsong og avrunding. Dotter Sigrun og barnebarn Håkon, leia allsongen med piano og kontrabass. Diktet Saknad – eller «Åleine på stølen» - avslutta ei markering ein hundreåring verdig.
Utstilling
Men me kan ikkje avslutte heilt her, før me har nemnt utstillinga som opna denne dagen. Den er det verdt å få med seg i dagane framover, om ein ikkje vil vente til ho dukkar opp i det heimlege biblioteket. Planen er at ho skal ut på vandring i Valdresbiblioteka.