Temamøte om skule

Jørand Ødegård Lunde, Kari Rustad, Inge Myklebust, Erik Engelien, Inger Torun Klosbøle og Inger Line haraldsen.
Vidaregåande utdanning i Valdres var tema på ei halvdags konferanse førre fredag. Utfordringa er å få flest mogeleg ungdommar til å fullføre dei tre åra, og at skulen har det tilbodet som trengst for regionen av yrkesfaglinjer.

Ordførar i Nord-Aurdal og regionleiar, Inger Torun Klosbøle, ønska dei bortimot tretti deltakarane velkomne, og gav deretter ordet til fylkesopplæringssjef Inge Myklebust. - Opplæring tek heile 50,2 prosent av budsjettet vårt i Oppland, det vil seia 1,1 milliard kroner. Den politiske bestillinga til oss er eit tydeleg fokus på kvalitet, og at me tilbyr ei utdanning i forhold til det arbeidslivet Oppland treng, sa han innleiingsvis.

Stort fråfall

Deretter vart det mykje statistikk som blant anna fortalde om rimeleg drift ved Valdres vidaregåande skule i forhold til andre skular i fylket. Utfordringa for fylket totalt er at berre litt over halvparten fullfører utdanninga på normert tid, og at mange droppar heilt ut. Særleg gjaldt dette yrkesfaga, og han oppmoda om ikkje å snakke ned yrkesutdanninga. – Det er verkeleg desse ungdommane me treng i bygdene våre, sa han.

Ordførarar, administrasjonssjefar, NAV-tilsette m.fl. deltok på møtet

Start i barnehagen

- Grunnskulen er grunnmuren for å lykkast med vidare utdanning, og lokalpolitikarane må vera bevisste ansvaret dei har for å skape gode skular. Eg er her for å oppfordre til samarbeid for å få til dette. Det er i norsk, matematikk og engelsk dei som går yrkesfag fell ut, sa han vidare. – Me må starte arbeidet alt i barnehagen, påpeikte Vidar Eltun. Eivind Brenna følgde opp med at dei tala som vart presentert måtte takast på alvor. – Det er viktig at me handterer elevane slik som dei er når me får dei i skulen, alle er slett ikkje like, sa han.

Valdres best i Oppland

Men alt var slett ikkje svart, kunne opplæringssjefen fortelja. – Det skjer veldig mykje bra i Oppland. Om nokre år kan me bli landets beste fylke.  Fordi det er teke tak, er fullføringsgraden her i Valdres no oppe i 88 prosent. Det er best i Oppland, sa han og lista opp viktige faktorar for suksessen:

- Tydeleg fokus på kjerneverdiar
- Tidlegare identifisering av åtferd
- Tidlegare inn med støttetiltak
- Detaljert elevgjennomgang etter 1. termin
- Intensiv eksamensførebuing i april og mai

Inger Torun Klosbøle takkar fylkesopplæringssjef Inge Myklebust med eit Valdresferekle for interessant presentasjon.

God rådgjeving viktig

Han framheva at det viktigaste er det som skjer i klasserommet. Det syner seg at ein streng, men rettferdig lærar får mest respekt, i forhold til ein snill lærar som er ”venn” med elevane. Også i val av utdanningsveg, meinte han at det viktigaste var å gje råd om kva arbeidslivet i Valdres treng, ikkje at elevane måtte følgje hjarta. – Då kan det ofte bli utdanning til arbeidsledigheit, sa han.

Rektor ved Valdres vidaregåande skule,Kari Rustad.Få lærlingplassar

Rektor Kari Rustad fortalde deretter om sitt bakkemannskap. – Me har 500 elevar og er 120 tilsette med brei kompetanse. Me har ein kollektiv skulestruktur med tett oppfølging og tidleg innsats når det trengst, sa ho. - Utfordringa er å skaffe lærlingplassar. Berre 40 prosent av dei som avsluttar Vg2 skriv kontrakt. Det er ikkje godt nok. I Valdres er det liten arbeidsledigheit og ufaglærte får jobb. Ja, det har nesten blitt staus å gå ut som ufaglært, meinte ho.

Ho utfordra arbeidslivet til å ta inn lærlingar og å tilsetja faglærte. – Blant anna i reiselivet – ei næring me i Valdres profilerer oss på – blir det ikkje tilsett faglærte. Me må få ei haldningsendring i forhold til betydinga av fagbrevet, meinte ho.

Meir dialog

Det passa då bra at neste innleiar kom frå Visit Valdres, organisasjonen som samlar næringslivet,  inkludert reiselivet i Valdres. Erik Engelien er dagleg leiar, og han sette fram påstanden om at det var mykje å gå på for å auke dialogen mellom skulen og næringslivet. Eit anna poeng var at utanlandsk arbeidskraft var billigare, men han poengterte at det var stor forskjell på eit norsk fagbrev kontra eit utanlandsk.

Møteplass

- Dessverre er det slik at sal og service-sektoren har liten kultur på å satse på lærlingar. 57 bedrifter er tilslutta Valdres Opplæringskontor, som er flinke til å hjelpe med å formidle kontaktar. Lærlingar er utan tvil ein måte å møte framtida med, og mitt forslag er å etablere ein møteplass mellom bedriftene og skulen, avslutta han.

Rådgjeving og opplæring for vaksne

Karriere Oppland er eigentleg den største vidaregåande skulen i Oppland, med omtrent 1 800 elevar kunne Inger Line Haraldsen fortelja. Ho er dagleg leiar ved Valdres-senteret. Karriererettleiing og vidaregåande opplæring for vaksne (over 25 år), er hovudoppgåvene. – Me opplever at det viktigaste for våre studentar er å bli sett og få kreditt for det ein gjer. Lønn kjem faktisk langt ned på lista, sa ho.

Samarbeid skule-næringsliv

I dialogen etter innleiingane, var fleire inne på at Valdres har mange små bedrifter.  - Me bør få ein oversikt over dei som kan ta ein del av opplæringa for ein lærling. Bruk opplæringskontoret, oppfordra Inge Myklebust. Kari Rustad og Erik Engelien følgde opp med at det her var eit informasjonsbehov. Bedriftene kjenner kanskje ikkje til fleksibiliteten i opplæringa, og eit samarbeid mellom skule og næringsliv må på agendaen, meinte dei.

Tilbakeflytting

I kampen om få tilbake dei som flyttar ut, vart kommunale sommarjobbar og kaffeinvitasjon i feriar, nemnt. – Då vil mange føle seg sett av kommunen og koma tilbake, vart det hevda. – Det er i stor grad jentene som ikkje kjem tilbake. Dei som flytter tilbake, kjem helst når dei stiftar familie og får ungar. Det er godt å vekse opp i Valdres!

Dagleg leiar i VNK, Jørand Ødegård Lunde, takka for godt engasjement på møtet.Nyttig dag

- Dette vart bra! Orda kjem frå Jørand Ødegård Lunde som har vore primus motor for å få i stand temadagen. Som dagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark, er kompetanse eit av fokusområda for det regionale arbeidet. Ho er også medlem i Kompetanseforum Valdres. – Signala frå politikarar og administrative medarbeidarar var eintydige. Me er på rett veg i Valdres, sjølv om det framleis er mykje å gripe fatt i for å gje ungdommane våre eit godt fundament til å møte arbeidslivet, om det blir her i Valdres eller andre plassar. Her vart det signalisert vilje til å følgje opp lokalt i dei enkelte kommunar, og regionalt blir saka på kartet både i styret vårt og i Valdresrådet, avsluttar Jørand Ø. Lunde.

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

april 2024

  • Vil at flere skal gjøre som herTorsdag, 18. april 2024

    Både private eiere av kulturminner, samt lag og foreninger, har søkt om midler til istandsetting og restaurering de siste årene,…

  • Rydd - og tjen en slump med REN samvittighetOnsdag, 17. april 2024

    Å rydde plastsøppel og avfall langs etter elver og vassdrag er viktig for vannkvalitet og dyreliv i regionen, samt veldig digg for…

  • E16 ut av Fagernes og inn i NTP Mandag, 8. april 2024

    Nok en gang står E16 Fagernes sør-Hande utenfor Samferdselsdepartementets plan for de neste 12 årene, Nasjonal…

mars 2024

februar 2024

>
>
>
visitvaldres