Valdres-sveler på hippe Vippa

Det ligg i tilbehøyret: Du kan velje mellom ekte geitost, heimelaga syltetøy, prim, smørkrem og rumme i Svele-huset til Johannes. Syster Alice og far Alf Martin er leverandørar av syltetøy og prim. (Foto: Lene Hovi)

Sidan han var ti år har Johannes Gudheim (21) frå Leira stått i Bitibua, ved foten av Bitihorn, og seld lappar sumarstid. No har han teke med seg konseptet til Oslo og den populære restauranten Vippa ytst på Vippetangen.

Svele eller lapp?

- Ja, eg veit det vert kalla lapp i Valdres, men det ordet kan koplast til så mykje, blant anna sertifikat, post-it og samar. Svele er enklare å kommunisere, og oppskrifta er jo meir eller mindre den same, seier Johannes bestemt. 

Det er derimot i tilbehøyret at konseptet osar av lokalmat frå Valdres.

- Eg har heimelaga brunost frå Heggeli gard i Øystre Slidre og prim og syltetøy som familien min lagar. I tillegg har eg dekorert bua min her på Vippa med bilete frå Valdres, og det hender stadig at kundane mine kjenner att Bitihorn og nokre av dei andre motiva.

Multikulturelt

Vippa som restaurant har ein forretningsmodell som fremmar integrering av immigrantar og ynskjer unge matentrepenørar velkomne. Det er ein stor, rustikk hall med cirka ti matbuer og eit triveleg sitjeområde i midten.

Då Johannes kjente at hans forrige jobb ikkje var det han ville drive med, gjekk det berre tre dagar frå han sendte ein epost til Vippa til han stod i si eiga matbu. I mellomtida hadde han handla seg takke og "raida" Valdres for gode råvarer.

- Her er matbuer frå blant anna Eritrea, Syria, Marokko, Thailand og India. Eg er den einaste som har eit reint dessert-tilbod, og sjølv om det er rotnorsk blir det oppfatta som eksotisk blant dei utenlandske turistane som kjem innom. Dei seier at dei kan ete kinesisk og indisk i kvar ein storby, men at berre eg har noko dei ikkje har smakt før, fortel Johannes. 

- Kva meiner dei andre kokkane i restauranten her om svelene dine?

- Indarane tre buer lenger ned er innom meg og et ofte. Det er eit veldig triveleg miljø her på Vippa og vi byttar bort litt mat med kvarandre, men ja - indarane er her nok mest, smiler Johannes og stikk for å levere ei ferdig steikt svele med smørkrem og prim til eit bord med tre mannfolk som har teke middagen på Vippa denne dagen.

Ros frå 96-åring

- Det er mykje tradisjon i dette med lappar og sveler, får du nokon tilbakemeldingar på det du serverer?

- Eg opna 14. oktober, og så langt har ingen klaga. Eg fekk derimot skikkeleg skamros frå ei dame på 96 år som feira bursdagen sin her saman med familien. Ho kom tilbake og sa at det var den beste svela ho har smakt, og ho hadde smakt mange, ler Johannes.

Han trur suksessen ligg i å by på noko anna enn berre rumme og syltetøy på svelene.

- Ein frå Istanbul var innom meg her ein dagen, og meinte dette burde serverast på samtlege Michelin-restaurantar. Eg meiner å hugse at han bestilte ei med prim. Det har ein ganske distinkt og særnorsk smak, men det fall i smak hjå han, seier Johannes.

Høge mål

Fram til nyttår har Johannes ein såkalla "pop-up lisens" på Vippa. Han håpar å få ein årslisens etter det. 

- Dette har så langt gått veldig bra. Eg sette meg høge mål og la eit tydeleg budsjett, og det har gått betre enn forventa. Eg håpar å kunne gjere dette om til eit kafékonsept ein dag, kanskje det vil fungere utanfor Noregs grenser òg? Eg trivast så bra med dette at eg berre ser framover, seier den bestemte valdrisen.

Valdres-motiv: Matbua "Svele-huset" er dekorert med bilete frå Valdres. Det kan bli ein fin start på ei samtale om Valdres eller om korleis han kom på å selge sveler på ein av hovudstadens mest eksotiske og pulserande restaurantar. (Foto: Lene Hovi)

Les også:
Fleire nyheiter frå Valdres Natur- og Kulturpark
Dette er Valdres Natur- og Kulturpark
Meir om lokalmat i Valdres

Tekst:
Lene Hovi
Valdres Natur- og Kulturpark
lene.hovi@valdres.no

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

mars 2024

februar 2024

januar 2024

>
>
>
visitvaldres