- Slik lagar vi "jævleg" god kultur

Valdresrådet 20. juli: Eit breidt utval av kulturinstitusjonar i Valdres presenterte seg og sine tankar om kva ein god kulturstrategi må innehalde. Her frå Julie Forchammer i Vinjerock (med ryggen til) sitt flammande innlegg om bærekraftig og inkluderande kulturproduksjon. (Foto: Lene Hovi)

Valdresrådet 20. juni var via kulturen i regionen, då rådet har bede Valdres Natur- og Kulturpark om å utarbeide ein felles kulturstrategi for Valdres.

- For å starte dette planarbeidet vil vi presentere eit bredt spekter av dei ulike område kulturstrategien skal femne om slik at Valdresrådet får eit heilskapeleg blikk på sektoren, også sett i samanheng med Oppland fylkeskommune sitt arbeid. Fleire av områda vi arbeider med i Valdres har karakter av spydspissar i nasjonal samanheng, sogar spelar minst to av områda ei rolle i internasjonal samanheng, fortel dagleg leiar i Valdres natur- og Kulturpark, Jørand Ødegård Lunde.

Ødegård Lunde innleia Valdresrådet med å kople valdreskulturen og merkevarebygging tett saman som grunnlag for å auke vekst og verdiskaping i regionen.

- Må bli mindre homogent

Valdresrådet fekk mellom anna innblikk i gard- og stølsturisme, grasrotkultur og folkemusikk, Valdresmusea sitt arbeid og Jørn Hilme-stemnet si topp- og breidderekruttering. 

Julie Forchhammer frå Vinjerock minna Valdresrådet på at kulturen også har eit ansvar for å inkludere, og fortalte om deira tette samarbeid med asylmottaket i Vang gjennom eindagsfestivalen "Vårt Nabolag".

- Klarar vi å føre verda og Valdres tettare saman, så lagar vi "jævleg" god kultur, sa Forchhammer.

For Vinjerock er det viktig å støtte lokale matprodusentar, og la "noregs mest populære festival" legge att pengane i dalen. Forchhammer takka konsekvent nei då Freia ynskte å dele ut gratis Kvikk Lunch under festivalen. Sjokolada har eit omdømme som "noregs offisielle tursjokolade", men Freia er eigd av amerikanske Mondelez som igjen har ein problematisk bruk av palmeolje.

- Ingenting ved dette har noko med Vinjerock å gjera, sa Forchhammer.

Viktig vedtak

Katharina Sparstad er kulturkonsulent i Valdres Natur- og Kulturpark og gleda seg over det breie engasjementet og innspela til kulturstrategien.

- Her er det eit svært høgt nivå på aktivitetane våre allereie, og å få væra med å skru dette saman til ein langsiktig strategi blir veldig spanande. Det vil ta tid, men med så mange gode medspelarar som allereie gjer så mykje rett, blir jobben enklare, seier Sparstad.

Ho seier at kulturaktørarne i Valdres har eit så profesjonelt nivå at dei vert brukt som førbilde i andre regionar.

- Folk ser til Valdres for det vi gjer innan kulturfeltet, og vi har all grunn til å være stolt av produkta og aktiviteten vår. Aktuelt i desse dagar er Valdres Sommersymfoni, som trekk både deltakarar, utøvarar og publikum frå inn- og utland. Ellers kjem festivalperlane på ei snor utover sumaren, både innan musikk- mat og stølskultur, seier Sparstad

Under Valdresrådet vart det også klart at Nord-Aurdal kommune har vedtatt å settje i gang ei moglegheitsstudie for å vurdere å byggje nytt kulturhus.

- Å få ei kulturell stortoge i regionssenteret vårt, er viktig for å løfte kulturlivet i Valdres endå eit hakk. Dette er spanande nyheiter, sa Sparstad.

Slik vart ordlyden i vedtaket:
"Kultur er viktig for Valdres, og ein kulturstrategi skal gje eit best mogleg bilete av aktivitetar og aktørar med virkeområde innan kultur i Valdres. Strategien skal synleggjere roller og ansvar, og kor og korleis vi kan auke handlekrafta ved betre samhandling. Strategien skal vere eit utganspunkt for å fremme attraktiviteten og merkevarebygging til Valdres, og derved væra utgangspunkt for vidare regional utvikling."

Fruktbar dialog på fleire felt: Julie Forchammer nevnte i sitt innlegg at asylsøkarane i Vang etterlyser geitekjøt, då dette er ein type kjøt dei er vant til å ete, men slit med å finne i Valdres. I neste kaffepause var geitebønder og festivalleiaren i fin dialog om temaet. Frå venstre: Kathrin Aslaksby, Katharina Sparstad, Julie Forchhammer og Inger Torun Klosbøle. (Foto: Lene Hovi)

Tekst: Lene Hovi
lene.hovi@valdres.no

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

april 2024

  • Vil at flere skal gjøre som herTorsdag, 18. april 2024

    Både private eiere av kulturminner, samt lag og foreninger, har søkt om midler til istandsetting og restaurering de siste årene,…

  • Rydd - og tjen en slump med REN samvittighetOnsdag, 17. april 2024

    Å rydde plastsøppel og avfall langs etter elver og vassdrag er viktig for vannkvalitet og dyreliv i regionen, samt veldig digg for…

  • E16 ut av Fagernes og inn i NTP Mandag, 8. april 2024

    Nok en gang står E16 Fagernes sør-Hande utenfor Samferdselsdepartementets plan for de neste 12 årene, Nasjonal…

mars 2024

februar 2024

>
>
>
visitvaldres