Temaplan for kulturminne og kulturminneregistreringer i Valdres
Valdreskommunane Vang, Vestre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal har gått saman om å utarbeide Temaplan for kulturminne i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark. Temaplanane inneheld ein generell del som er felles for hele Valdres, og ein eigen del for kvar kommune. Bakgrunnen for arbeide er ei utlysning om tilskott på kr 100000,- til arbeidet frå Riksantikvaren i 2011 som ein del av Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltningen og Kulturminene i kommunen (KIK). Arbeidet vart i 2013 delegert til Fylkeskommunane som koordinerer arbeidet for alle kommunane i Oppland. Valdreskommunane søkte og fekk tilskot for alle kommunane.
Bakgrunn for arbeidet i Valdres er Kompetanseplan for kulturminne som vart utarbeida av VNK i 2013, og arbeidet vert gjennomført etter eigen rettleiar «Håndbok for lokal registrering» under Riksantikvaren.
Arbeidsprosessen
Det er oppretta ein eller fleire ad-hock arbeidsgrupper i alle kommunane som har definert hovudtema for sin kommune. I tillegg har alle kommunane felles prioritering av mellomalderkyrkjer, stølsdrift og ferdselshistorie med vegnett og skysstasjonar.
Hovudprioriteringar i dei ulike kommunane ( I TILLEGG TIL FELLES PRIORITERINGAR):
Vang: Fangskultur, steinalder busettingar, skålgropsteinar, friluftslivshistorie og verdifulle bygningsmiljø
Vestre Slidre: Kyrkjestader, reiselivshistorie, Industristader, handelsstader og arkeologiske plasser med spesiell betyding og bygningsmiljø
Øystre Slidre: Bygningsmiljø, vasskraftindustri, skiferindustri (utarbeider eigen plan)
Nord-Aurdal: Tettstadene i kommunen
Sør- Aurdal: Vassdragshistorie, skogsdrift og skogs- og vasskraftindustri
Etnedal: Bureisingshistorie, krigsminne og vassdrag med veteplasser, møller – bygdesager og forstøtningsmurar
Arbeidet består også av ein registrengsdel. I Valdres er det registret mykje frå før, så hovudarbeidet ver å sortere aller tidlegare registraringar. Registraringane blir lagt inn i ein database som skal importerase i www.innlandsgis.no der alle digitale data for Oppland og Hedmark ligg. Dei registrerte minna blir gjeve ein verdi frå 1-4 etter eit definert verdisettingsskjema, og berre dei to høgaste verdiane vert vurdert inn i det vidare arbeidet men i kulturminneplan.
Det er i hovudsak nyare tids kulturminne som skal inn i databasen, då minner frå før reformasjonen er automatisk freda og forvaltast av Fylkeskommune. Desse minna ligg i databasen «Askeladden» under Riksantikvaren sine heimesider. Dersom kommunane ynskjer det kan dokumentet nyttast som grunnlag for ein kommunedelplan for kulturminne.
Status 10.11.2020:
Alle kommunane (Sør-Aurdal, Vang, Etnedal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Nord-Aurdal) har registrert kulturminne saman med historielag og ressurspersonarsom har tegna på manuskart og lagt inn importabbel for Inlandsgis. Kvar kommune har konkretisert tematiske prioriteringar.
Fire kommunar har no vedtake plan. Nord-Aurdal kommune behandlar sin plan 19. november før han eventuelt leggjast ut på høyring. Øystre Slidre gjennomfører eigen prosess.
-
Her kan du lese Temaplan for kulturminne for Vang
-
Her kan du lese Temaplan for kulturminne for Vestre Slidre
-
Her kan du lese Temaplan for kulturminne for Etnedal
-
Her kan du lese Temaplan for kulturminne for Sør-Aurdal
-
Her kan du lese ferdig utkast til Temaplan for kulturminne i Nord-Aurdal
Dokumentet er delt i 7 hovudkapittel:
1. Innledende
2. Regionale prioriteringer
3. Tematiske prioriteringer i den enkelte kommune
4. Nærmere beskrivelse av 20 prioriterte kulturminner
5. Oppfølging og videre arbeid
6. Virkemidler
7. Vedlegg
Linkar:
http://www.riksantikvaren.no/Prosjekter/Kunnskapsloeftet-for-kulturminneforvaltningen
http://www.riksantikvaren.no/Prosjekter/Kulturminne-i-kommunen-KIK
www.innlandsgis.no
https://askeladden.ra.no/Askeladden/