Brei satsing på lokal mat i Valdres Natur- og Kulturpark
Marknaden for lokalmat veks tre gonger så mykje som marknaden for mat og drikke generelt. Dei siste fem åra har veksten på over 50 prosent. VNK er oppteken av at regionen skal ta del i veksten innan lokalmat og dra nytte av verkemidla som vert iverksett for å nå Regjeringas mål om ein omsetnad av lokal mat på 10 mrd. kr i 2025.
Lokalmatprosjektet 2016 – 2018
Valdres Natur- og Kulturpark dreg i gang ei ny to-årig satsing på lokalmat som oppfølging av lokalmatprosjektet som har vorte gjennomført i perioden 2014-2016.
VNK har særleg dei siste to siste åra jobba aktivt med å fremme lokalmaten. Lokalmatprosjektet som har føregått i perioden 2014 – 2016, vert vidareført gjennom prosjektet «Lokalmat frå Valdres 2016 – 2018». Prosjektet vil bli gjennomført i tett samarbeid med Mat frå Valdres SA og Fylkesmannen i Oppland. Kostnadsramma er på 725.000 kr, og hovudfinansiøren er Fylkesmannnen i Oppland.
Målet med prosjektet er å auke verdiskapinga frå produksjon og sal av lokalmat, og at lokalmat skal bidra til å byggje merkevara Valdres. Delmåla er å:
- Auke lønsemda hjå produsentane
- Betre tilgangen av lokalmat frå Valdres
- Betre tilbodet av lokale rettar hjå spisestadar i Valdres
I arbeidet har vi fokus på følgjande innsatsområde: Marknadsføring og synleggjering, kompetanseheving og mobilisering.
Mat frå Valdres – ny organisasjon med ambisjonar
13 produsentar av lokal mat i Valdres etablerte hausten 2016 andelslaget Mat frå Valdres. Valdres Natur- og Kulturpark og Fylkesmannen i Oppland jobbar med mobilisering og nettverksbygging og har bidrege fagleg i planleggings- og etableringsfasen av det nye selskapet.
Målet for organisasjonen er å fremme medlemmene sine økonomiske interesser og samarbeide om sal, marknadsføring og distribusjon av lokal mat og drikke frå Valdres.
Medlemmene kjem frå alle dei seks Valdres-kommunane og tilverkar eit vidt spekter av kvalitetsprodukt med særpreg og røter i lokale tradisjonar. Her finn vi produsentar av ulike type kjøtt (sau, fjellokse og fjellgris), spekemat, lokalt øl, gardsis, urter, meieriprodukt mm. Fleire av medlemmene produserer også «Kurv frå Valdres» som har fått geografisk beskytta nemning.
Aktiviteten i det nye andelslaget vil frigjera tid for produsentane til å gjera det dei kanskje er aller best på; – det å produsere lokal mat av høg kvalitet. HORECA –marknaden i Valdres har sagt at dei ønskjer å bruke meir lokal mat frå Valdres dersom det blir lettare å få tak i desse varene enn det har vore så langt. Denne marknaden blir difor ei viktig målgruppe saman med daglegvaremarknaden for arbeidet til Mat frå Valdres.
Andelslaget søker Innovasjon Norge om tilskott til eit forprosjekt for å utvikle organisasjonen.